Alltid til teneste

Om oss

Di lokale handverkarbedrift

Heiane Røyr & Elektro AS er ein røyrleggjabedrift, som vart etablert i slutten av 2015. Me utfører alt innan VVS, og har god erfaring med totalbad, nybygg,  service og vedlikehald, både for private, næring og offentlig.

 

Me er tilknytta Bademiljø-kjeden.

Du finn oss på Heiane i Fargerike Malerboden sine lokale, nabo til Rema 1000.

 

 

24-timars kostnadsfri befaringsgaranti

Me er stolte av å tilby 24 timars befaringsgaranti. Du får då besøk av ein fagmann som ser over jobben og eventuelt kjem med anbefalingar. Deretter kan han laga eit prisoverslag på bakgrunn av befaringa. Dette er heilt kostnadsfritt og på ingen måte bindande. Ta kontakt her.

 

 

 

Totalbad

Vårt største satsingsfelt er totalbad. Heiane Røyr & elektro samarbeider med lokale firma innanfor andre fagfelt, slik at me kan levera totalpakkar til deg som kunde.

Du får eitt tilbod på heile jobben: røyr, elektro, snikker, flisleggar og malar. Dette garanterer at du får heile jobben til fastpris, og du som kunde har berre ein prosjektleiar å forhalda deg til.

 

Det er viktig for oss at du som kunde er trygg på jobben me gjer. Difor snakkar fagfolka våre seg imellom, slik at du slepp å halda styr på når det eine fagfeltet er ferdigstilt og når det neste skal byrja.

 

Du vel bad - me tek oss av resten!

Me har tett samarbeid med Fargerike Malerboden, som kan bistå med vareval og rådgjeving. Dei har fleire utstillingar i butikk som du kan sjå på, noko som er viktig i ein slik prosess, nettopp for å sikre at du får ting akkurat slik du ynskjer dei.

Du vel bad - me tek oss av resten!